Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fiber til Kårvatn – Sandbakkan i sikte

Jon Olav Ørsal Fredag 18. september 2026

Arbeidet med å legge fiberbreiband til Kårvatn starta i slutten av august.  Strekninga det gjeld er frå Gammelfabrikken i Brusetmarka og oppover til Kårvatn – ei strekning på omtrent 6 km. I tillegg kjem tilknyting av hyttefeltet i Dalalia – cirka 1 km med fleire knutepunkt.  På knappe 3 veker er det lagt rundt 2 km med kabel – mest etter vegkanten opp Falla og over Tjønnmyran og vidare til Talgø gard.  

Nærmer seg Sandbakkan med gravinga, og da tek vi helga seier dei 3 gravarane. Foto Jon Olav Ørsal

Dersom alt går etter plana så blir det lagt fiberkabel på veggen både på Vastrum og Talgø gard før vi tek helgefri, seier Rolf Petter Halle som er «sjefleggar» blant fibergjengen.  Gravemaskinene nærmar seg no Sandbakken, og innover Talgøgjeret er fibergrøfta lagt i vegkanten. Sandbakkan må være eit høveleg mål å nå for vi tek helg med gravinga.

Første lunchpause i friluft – håper det blir fleire slike, seier Jan Kristian Rindal, Sondre Vangen og Rolf Petter Halle rundt bordet. Foto Jon Olav Ørsal

Til no har vi vore heldige og hatt fine forhold for kabellegging – fortsett det slik ar det håp om at vi når Kårvatn med fiberkabelen før vinteren og frosten innhentar oss.  I dag fikk vi forresten sol og utomdørs lunchpause for første gong på lenge – no ønsker vi oss fleire slike dagar og gjerne litt «indian summer» utover hausten.  

Dersom alt går etter plana så skal det bli fiber fram til veggen på Vestrum og Talgø gard i dag, seier Rolf Petter Halle. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 18. september 2026, 12:39