Ferja berørte grunnen tett etter avgang frå Kvanne i 14-tida fredag. Ferja har gått attende til Kvanne for å sleppe av folk og bilar, og vil være ute av drift resten av dagen ifølge oppslag på driva.no som først meldte om saka.
Det er uvisst kor stor skaden på ferja er, men det er lokalisert litt oljesøl i området det ferja gikk på grunn og rundt imkring i kaiområdet. Surnadal Brannvesen har starta arbeidet med å avgrense det området med oljesøl med lenser, og skal etter kvart sørge for å samle opp oljesølet. Utover ettermiddagen har det vore stor aktivitet med politi og brannvesen rundt ferjeleiet.

Det ligg ein oljefilm frå ferjeleiet og utover til området der ferje grunnstøtte. Foto Jon Olav Ørsal
Vi har foreløpig ikkje fått noko informasjon om kor stor skade det er på ferja, eller om det er erstatningsferje på gang. Vi venter vel egentlig på litt info frå Fjord1 og kva som er stoda og kva som skal skje utover ettermiddagen og kvelden.

I ettermiddag vart det jobba for å få ut lenser for å begrense forurensinga etter oljeutslippet frå ferja. Foto Jon Olav Ørsal


