Jakob Ranes og Fredrik Sogge går i 9. klasse på SUBUS, og denne veka er dei på utplassering på Matkroken i Todalen, for å prøve seg på jobb i varehandelen. Sondre Halset eig og driv butikken, og han er deira mentor denne veka, og ansvarleg for å følgje opp jobbveka for dei to.

Sondre Halset er mentor for dei to som her får opplæring i bruk av kassa, medan Kjell Gunnar Polden er kunde. Foto Jon Olav Ørsal
Sondre er full av lovord for dei to, som er nye medarbeidarar for ei veke – det er dyktige karra som viser stor interesse for jobben og er interessert i å lære om yrket.
Jakob og Fredrik fortel at dei har fått prøve seg på alle typar arbeid i butikken. I dag var det vareleveranse frå Coop og massevis av varer som skulle inn i hyllene fortast muleg. Da har dei fått lære at dei nyaste varene skal stå bak, slik at det blir god rullering med tanke då datostempling og haldbarheit. Elles har dei fått prøve seg i kassa, rydding både ute og inne og har fått innsyn i måten det blir bestillt varer på.

Kvar torsdag er det leveranse frå Coop – frukt & grønt er ferskvare som må inn på kjølelager eller i kjølediskar. Det ordnar Jakob og Fredrik. Foto Jon Olav Ørsal
Dei to tykkjer elles at det er triveleg å treffe og bli kjent med mykje folk, og kan tenkje seg å jobbe i butikk når dei kjem så langt at dei skal ut i yrkeslivet. Men før det blir aktuelt så skal dei gå eit år til på SUBUS før det blir «valgets kvaler» når dei kjem til vidaregåande om halvanna år.


