Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Feira seg sjølv!

Feira seg sjølv!

Elinor Bolme Tysdag 5. mars 2013

IL Søya feira seg sjølv med stor bravour i kveld i kantina ved Surnadal Ungdomsskule. Her var dei fleste fotballinteresserte i eigen klubb, og samarbeidsklubbane Todalen og Kvass/ulvungen frammøtte for å overværa at sjølvaste Per Ravn Omdal overrekte Fair Play prisen som klubben vart tildelt hausten 2012.

Il Søya og fotballgruppa har arbeidd målretta i klubben fleire år med kompetanseheving og ikkje minst kvalitetssikring av dette arbeidet. Dette har blandt anna resultert i ei fair play plan og ei sportsplan for klubben. Desse to dokumenta i lag, gir ein peikepinn på kvar ein vil i klubben, og ikkje minst korleis ein kjem seg dit, kunne leiar i fotballgruppa Kenneth Bergstad fortelja. Noko som i 2012 også resulterte til at IL Søya vart belønna som kvalitetsklubb frå Nordmøre og Romsdal foballkrets i 2012.

Per Ravn Omdal skraut stort av all innsats som IL Søya har lagt ned dei siste åra. De er ein betydelig aktør i kommunen når det gjeld sportsleg arbeid. Ta vare på det dere har etablert gjennom sportsplana, fair play plana og ulike holdningskontrakter oppfordra han. I tillegg tykte han at klubben gjorde ein formidabel innsats i og med at alle stort sett har eit tilbud i eigen klubb, og at andelen av jenter er lik andelen gutar. På landsbasis er nemleg denne fordelinga 30/70.

Mons Otnes var også til stades på arrangementet og gratulerte klubben med den velfortente prisen etter årevis god innsats, dei siste i meir dokumenterte former. Hovedsponsor Surnadal Sparebank sponsa pizza til alle frammøtte, og fekk naturlegvis nokre rosande ord frå banksjef Allan Troelsen.

Etter pausen vart alle lag oppkalla på scena, der nokre frå kvart lag las grøne kortreglar som fotballstyret hadde ordna i stand. Både høgtideleg og underhaldande.

Under er mange bilder frå ei storslått feiring av Fair Play klubben IL Søya. Alle foto: ElinorB

Publisert: 5. mars 2013, 23:07