Familien Sand har i haust meldt si interesse for å kjøpe Todalen skule, som vart lagt ut for sal hausten 2023. I mai 2024 fekk Todalen Meieri tolbod om å kjøpe skulen til ei krone, men takka da nei. No er det altså familien Sand som har meldt si interesse, og på Surnadal formannskap sitt møte onsdag kveld, vedtok eit samrøystes formannskap å selje eigedomen til familien for ei krone.
Formannskapet sitt vedtak:
1. Surnadal formannskap vedtek å selje Todalen skule til familien Sand eller assosiert
eigedomsselskap.
2. Salssum blir sett til kr 1, og andre omkostningar som gjeld salet skal betalast av kjøpar.
3. Gjeldande heftingar knytt til eigendomen er avklart med kjøpar, og vidareførast til ny eigar.
4. Surnadal formannskap vedtek å dele «oppvekst-området» i to brukseiningar der «skuletomta»
omfattar eit areal på 3602.7 m2 (sjå vedlegg) . «Barnehagetomta» med resterande areal som
inkluderer blant annet barnehagen, ballbingen og parkering forblir kommunal eigendom.
5. Ny eigar av Todalen skule får forkjøpsrett til å kjøpe Todalen barnehage iht takst dersom det blir
aktuelt. Viss Surnadal kommune ikkje har kome med eit konkret alternativ bruk av
barnehageeigedomen innan utgangen av 2027, får eigar av skuleeigedomen tiltre forkjøpsretten
iht. takst. Kommunedirektør blir gjeve fullmakt til å gjennomføre handelen.
6. Kommunedirektør og ordførar får mandat til å fastsette endeleg kjøpekontrakt og gjennomføre
salet av Todalen skule med familien Sand.
Kommunedirektør Lars Inge Kvande, ordførar Hugo Pedersen og varaordførar Annett Ranes, var alle tre særs positive til salet av Todalen skule til Sand vamilien og ønskte dei samtidig velkomne.
Familien Sand får som vedtaket viser også forkjøpsrett på Todalen barnehage, når denne eventuelt kjem for sal. Her er marknadsprisen per i dag sett til 650.000 kroner. Surnadal formannskap
Kunstnarfamilien Sand med Vebjørn og Aune Sand i fremste rekke har gjennom fleire tiår vist kunst, både nasjonalt og internasjonalt. Dei tenker å kunne drive både kulturarbeid og næring med utgangspunkt i Todalen skule. Sand/Aulie meiner skulebygget er eit veldig godt utgangspunkt for visning av kunst innomhus og ein skulpturpark utandørs. Dei ønskjer å bygge særeigne rom for utleige til publikum designet av kunstnarane med særleg vekt på gjenbruk av materialar.
Vi kan i same slengen nemne at Todalen Meieri i same møte fekk tildelt kroner 50.000 i tilskot til produktutvikling og vidare satsing.


