No blir det skikkeleg kjøkkenhage på Evenshaugen barnehage – barnehagen deltok nemleg i trekninga om 4 gåvekort frå Hagelandfondet – kvart på 15.000 til kjøp av planter og utstyr for å etablere kjøkkenhage i barnehagen. Historia bak vinnarlukka er at Agnete Øyen som jobbar i barnehagen hadde sendt inn ein søknad for å delta i trekkinga om dei 4 gåvekorta – men trudde aldri at dei kom til å vinne blant 2500 søkarar. Men det eine gåvekortet hamna altså på Evenshaugen barnehage og da stod jubelen i taket.
I dag var avgangskullet (5- og 6 åringane) på besøk på Hageland Surnadal for å ta i mot gåvekortet og for å sjå seg litt rund og for å planlegge litt kva dei skulle satse på. Det blir nok både grønsakhage og bær- og frukt satsing etter kvart. Og litt utstyr må nok til – slik som pallekragar, jord, frø og planter.Hubertine Roebroek som har vore gartnar på Hageland, hadde mange gode tips å sende med på vegen. Ho tipsa om potetbøttene som er slik at du kan sjå korleis potetene veks seg til og utviklar seg til matpotet.

Potet må det bli i kjøkkenhagen – men kva sortar skal vi satse på? Jorunn Nordvik fortel om dei forskjellige potetsortane. Foto Jon Olav Ørsal
Elles fekk vi lovnad om å kome og sjå på hagedrifta når gjengen på Evenshaugen er ferdige med våronna og har fått det til å begynne å gro.
Borghild Talgø frå Hageland rosa vinnarane som ho tykte var ein lydhøyr gjeng – kanskje det var framtidige gartnarspirar blant dei? Ho meinte iallfall at det er rett i tida for satsing på kjøkkenhage no når det er snakka så mykje om eigenberedskap. Dette er det faktisk stor interesse for mellom kundane på Hageland kunne ho fortelje.





