Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Evaluering med villaksen på agendaen

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. mars 2026

Todalen elveeigarlag var vertskap for evalueringsmøtet som det såkalla flaumprosjektet hadde på Gammelfabrikken tysdag kveld.  Flaumprosjektet er eit samarbeidsorgan som har som mandat å ta vare på villaksen på ein slik måte at den framleis kan være haustbar og være ein ressurs for både elveeigarar og sportsfiskarar i dei lakseførande vassdraga.

Det er 4 vassdrag som deltek i dette prosjektet – forutan Toåa er Søya med, samt Tessa- og Sausen vassdraget på Helgeland.  Prosjektet skjer i nært samarbeid med Direktoratet for naturforvaltning og Norske lakseelvar.
Dagens evalueringsmøte er det første fysiske møtet som gruppa har – tidlegare har dei «møttest» på teams-møte, men ønska no å bli litt betre kjent med kvarandre. Men hovudhensikten med møtet var å evaluere det arbeidet og dei tiltaka som er gjort i perioden.

– Dette er eit mandat vi har fått frå direktoratet, og ein kan vel seie at det er eit prøveprosjekt som vi no er samla for å evaluere, seier Stig Husby som er leiar for Todalen elveeigarlag og vertskap for evalueringsmøtet i Todalen.
Hensikten med prosjektet er å ta vare på moglegheita til å drifte vassdraga på ein berekraftig måte, som er tilpassa eit regelverk som kan regulere fisket slik at ein oppnår ønska resultat.  Målet er at eit nytt regelverk som snar er på trappene skal gje elveeigarane større moglegheit for lokal styring av eigne vassdrag.

Prosjektgruppa som har fungert dei 3 siste åra har drive samarbeid på praktiske tiltak som blir sett i verk, og som man registrerer effekten av, slik som

  • Informasjon og kommunikasjon
  • Opplegg for utleie og rotasjon
  • Opplegg for godt og effektivt oppsyn
  • Bruk av kommunikasjonskanalar

– og sjølvsagt mange andre ting som er praktiske løysingar i kvardagen.

Vegard Heggem frå Norske lakseelvar har vore ein slag koordinator for prosjektet – og til god hjelp. Foto Jon Olav Ørsal

I «gamle dagar» var det vanleg å bruke elva og laksefisket som matauk. – slik er det ikkje lenger, og ein opplever at talet på laksefiskarar går ned.  For elvane er det viktig at ein har med seg laksefiskarane, for det generer aktivitet både i elva og i tilhøyrande næringar som turisme og handel.
Prosjektet ser ut til å være så vellukka at ein no vil utvide gruppa slik at fleire vassdrag med liknande størrelse og driftsform kan bli med og ta del i prosjektet.

Publisert: 4. mars 2026, 08:00