Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ettermiddagskaffe med Tor Holten som fortalte om livet sitt

Jon Olav Ørsal Onsdag 23. september 2026

Tysdag kveld arrangerte Todalen historielag ein litt utradisjonell ettermiddagskaffe.  – Vi kom på at vi skulle prøve noko nytt fortel leiaren John Moe og viser til programinnslaget med Tor Holten som fortalte om sitt liv og virke gjennom eiit langt liv.  Det vart ei spennande historie som starta i Bøverdalen, der han voks opp på Toresetra som yngstemann i søskenflokk på 5. 

Foreldra til Tor starta livet på Toresetra i 1915 og hadde ein stri kvardag med arbeid utafor heimen og det var nok ikkje så mykje å leva av for ein stor familie – det var faktisk før det vart veg til Toresetra.  Berre ein gangsti som gikk frå Neverholten og oppover til Toresetra, men etter kvart vart det da bygd veg. 

Kaffepause – rundt bordet frå venstre: Ragnhild A. Moe, Liv Jorunn Moe, Arndis Søyset, Magne Søyset og Øystein Moe. Foto Jon Olav Ørsal

Tor var yngst, og vart fødd i 1937, og han var heile 28 år yngre enn den eldste broren.  Han var 8 år da han starta skulegangen.  Skulevegen var lang – heile 9 km  nedover bygda.  I førstninga budde han hos slektningar, men etter kvart vart det så Tor saman med kameratar gikk den lange vegen til skulen. Og som Tor sa så var skulevegen enda lengre heimatt.  

Tor hadde mange fornøyelege historier om tida med oppvekst i Bøverdala – ei fin men arbeidsom tid.  For Tor måtte tidleg bidra med arbeid både heime og borte, mellom anna som dreng på Neverholta og han måtte delta i onnaarbeid og markaslått som pågikk til langt uti 50-talet.  

Rundt bordet frå venstre Marit S. Søyset, Jorunn T. Ørsal, Anne Helene Halset og Jorunn Husby. Foto Jon Olav Ørsal

Etter kvart vart det skulegangen som sette mest preg på livet til Tor.  I tur og orden vart det eit år på Nordmøre Folkehøgskule, vidare til 4 år på Orkdal landsgymnas.  Ein snartur innom befalsskulen på Hvalsmoen rakk han og, før eit kort vikariat i Snillfjorden.  Vidare vart det lærarskule på Levanger og etterpå fast jobb på Mo skule eit par år før det bar ut i den store verda med jobb på Borge ungdomsskule i Østfold og vidare til Solhov folkehøgskule i Lyngen.  

Etter perioden på Solhov såg han at han gjerne skulle hatt meir kompetanse på gymnastikk, og dermed bar det til Levanger igjen eit år.  Etterpå bar det til Bjørnevatn ungdomskule eit år før det vart 11 år med jobb på Hallingdal folkehøgskule.  Etter 11 år på Gol vart det eit år på Bø distrikshøgskule der det var miljøkunnskap som stod på timeplana. 

Tor fortalte om sitt liv og virke gjennom eit langt liv. – No har vi budd i Todala i 46 år så no føle vi oss som ekte Todalingar sa Tor da han runda av kåseriet. Her saman med John Moe som er leiar i Historielaget. Foto Jon Olav Ørsal

I denne perioden trefte han May Elisabet hos felles kjente.  Her vart det søt musikk og giftarmål i 1973.  Ho fikk og jobb i Gol og flytta dit. Her budde dei til 1980, da dei begge to søkte og fikk jobb i Todalsskulen.  Dermed vart det flytting til Todalen, og dei budde i Gammelskulen det første året dei budde i Todalen. Her starta dei straks førebuinga til husbygging, og i 1981 flytta dei til eigen bustad i Jarbakkan på Kvennset. 

Resten av historia kjenner vi, og som Tor sa så har dei to budd i Todalen i 46 år no og vi kjenner oss som ekte Todalingar 

Det var mange som kom for å høre Tor Holten som fortalte om sitt liv og virke gjennom eit langt liv. Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 23. september 2026, 06:59