Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ettermiddagskaffe med mykje meierihistorie attåt

Jon Olav Ørsal Sundag 1. februar 2026

Todalen historielag har lang tradisjon med å invitere historieinteresserte til «ettermiddagskaffe» ein søndag på etterjulsvinteren. Denne gongen var det meierihistorie som stod på agendaen. Eit lite førtitals historieinteresserte dukka opp i Todalen ungdomshus for å høyre og sjå kva Einar Oterholm hadde å by på.

Einar Oterholm har jobba mykje med meierihistoria på Nordmøre – i dag presenterte han Todalen Meieri i to versjonar til ei lydhørt publikum. Foto Jon Olav Ørsal

Einar Oterholm har spesialisert seg på smørmeierias historie her på Nordmøre, og han har nøsta i meierihistoria både i Rindal, Halsa og Nordvik før han no har endevendt protokollane i Todalen Meieri på jakt etter informasjon om det som har gått føre seg i meieria i Todalen. Meieria i Todalen er fleirtal, for det har vore to meieri i Todalen oppgjennom tida – eit frå 1893 til 1917, og eit frå 1928 – 1963.  Her var det ein pause utan meieri i Todalen frå 1917 etter at det vart stopp, til 1928 når meieri nr 2 kom i gang.  No er faktisk meieri nr 3 under etablering frå 2019. 

Gustav Wulvik var meieribestyrar i Todalen i 27 år – etterpå vart det Surnadal Meieri fram til pensjonsalderen.

Oterholm starta foredraget med litt repetisjon av utviklinga i jordbruket frå først på 1800-talet, der det var lite framdrift til midten av 1800-talet, men det begynte å skje ting i samband med «kornflaumen» frå utlandet – det var både av betre kvalitet og lågare pris. Da vart ein tvinga til å gå over frå sjølvberging og over til sal for pengar.  Da måtte det satsast meir på mjølkeprodukt som mjølk, smør og ost.  Mykje vart endra den tida, og mjølkeproduksjonen gjekk gjennom ei stor utvikling både når det gjeld fôring, hygiene og ikkje minst teknikken for handteringa av mjølka.  Det vart da etablert mange smørmeieri, og båtruter gjekk til England for eksport av smør i stor stil.

Kaffepause mellom øktene – frå venstre Ingri Bruset, Kristian Gjeldnes, John Moe, Magne Søyset og Arndis Søyset. Foto Jon Olav Ørsal

Da voks det fram mange lokale meieri – slik og i Todalen der det første meieriet vart starta i 1893 etter at det var jobba med å få i gang meieri det siste året.  Her vart vi guida gjennom statistikkar og oversikter over mannskap, volum og priser mjølk  heilt fram til det gjekk i stå i 1917, da første verdskrig var med og sette ein stoppar for slik eksport. 

Oversikt over tilsette ved Todalen meieri frå 1928 fram til 1963. Oversikta er ikkje komplett.

Det andre meieriet i Todalen kom i gang i 1928 etter omfattande arbeid med forskjellige alternativ. Det vart etter kvart bestemt at det skulle byggast i Øyagrenda.  Meieriet fekk straum frå Raudåverket og vassforsyning frå Haukåa – meieriet kom i gang hausten 1928.  Frå 1948 vart det satsa på gamalost som spesiale for meieriet, og gamalosten frå Todalen Meieri vart viden kjent. I samband med satsinga vart det gjort store investeringar ved meieriet – både i bygningsmassen og ikkje minst i maskinelt utstyr.  På 50-talet var det og overgang til innkøyring av mjølka med bil. 

Todalen Meieri slik det framstod på 50-talet.

I 1962 vart kvoten for produksjon av gamalost redusert frå 21 tonn pr år, til 12,6 tonn.  Dette skapte problem for meieriet, som vart nøydt til å samarbeide Surnadal meieri for å nytte all mjølka.  I fortsettinga førte det til at meieriet vart nedlagt i 1963, med siste dag for innkøyring av mjølk til Todalen meieri vart 21.10.1963.  Gustav Wulvik som da var meieristyrar fekk da tilbod om jobb ved meieriet i Surnadal.

Anders Gjeldnes er dagleg leiar i Todalen Meieri (versjon 3) Han orienterte om drifta og arbeidet med å utvikle ein gamalost med «aner» frå Todalen. Foto Jon Olav Ørsal

Siste post på programmet var det Anders Gjeldnes som sørga for.  Han er dagleg leiar i «nye» Todalen Meieri som no er i etableringsfasen og som vil prøve å ta oppatt arven med produksjon av gamalost.  Dei held hus i Utigard Kvennset, og det skjer i samarbeid med Olaug Kvendset.  Dei er alt i gang med litt prøveproduksjon, og vil etter kvar utvikle fleire nye produkt. I dag blir det produsert det rømme, yoghurt og kuleost ved meieriet. 

Publisert: 1. februar 2026, 20:46