Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Erik opplevde tidenes løp i dei Sveitsiske alpane

Jon Olav Ørsal Laurdag 12. september 2026

Endeleg lukkast alt seier Erik når vi har han på telefon frå Crans Montana i dei sveitsiske alpane.  Laurdag deltok Erik i eit legendarisk ultraløp med start i Adelboden der dei spring 55 km over eit fjellpass og går i mål i Crans Montana etter å ha lagt attom seg 3300 høgdemeter.  Det var 1305 som starta frå Adelboden og det er vel nærast ein sensasjon at Erik klarte å kome i mål til ein 8.-plass.  

Erik går i mål i Crans Montana etter 55 km og 3300 høgdemeter – 8.plass blant 1300 deltakarar står det respekt av. Foto privat

Det spesielle med årets løp er at det var eit startfelt der verdenleiarane var med, og Erik klarte å henge seg på.   Dette er ein kjevjande distanse, og Erik har aldri delteke i noko løp som har gått over ein så lang distanse – heile 55 km.  Erik fortel at dei har jobba med mange korrigeringar etter siste løp – no ser det ut for at vi har lykkast fullt ut med dette  – alt såg nemleg ut til å fungere perfekt i dag. Erik trur at dette er det beste løpet han nokon gong har gjort, og er tydeleg letta over at alt ser ut til å fungere no.  

No er løpssesongen på hell, og no blir det full fokus på randoneesesongen.  Erik har fått fornya tilliten på Randoneelandslaget og dermed blir det fullt kjør utover hausten – skiene må nok fram når vi når oktober måndag om ikkje lenge og det blir nok full satsing på litt lengre distansar på skiene også slik det fell saman med løpinga sommars tid.

 

Publisert: 12. september 2026, 18:29