Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Endre Talgø tek over som leiar i Todalen Idrettslag

Jon Olav Ørsal Torsdag 19. mars 2026

Årsmøtet til Todalen Idrettslag var unnagjort på halvanna time onsdag kveld. Det var ingen kontroversielle saker, slik at saklista på 14 punkt var fort unnagjort, der formalitetar utgjorde halvparten av agendaen.  Fort gjort var også valet, sjølv om det i år var store utskiftingar. Endre Talgø vart ny leiar i arbeidsutvalet, og tek altså over leiarklubba etter Elinor Bolme som har sitte i 4 år.

Frå årsmøtet i Todalen IL i Ungdomshuset onsdag kveld. Foto Jon Olav Ørsal

Med seg i arbeidsutvalet får han Andreas Brøndbo som nestleiar, Sondre Halset som kasserar og ein ny sekretær som arbeidsutvalet fekk fullmakt til å plukke ut sjølve.  Andre funksjonar som fekk nye leiarar er leiar for bygg og anlegg der Nils Ove Bruset tek over etter Lars Stensby. 

Elles vart det beslutta å avvikle økonomigruppa, der arbeidsutvalet tek over arbeidsoppgåvene til dette organet. Dette vart gjort for å redusere talet på tillitsvalte. Elles var det ein gjennomgang av årsmeldingar både frå arbeidsutvalet og frå alle grupper – alle vart einstemmig godkjent. Ifølge årsmeldinga hadde laget ved årsskifte 307 medlemar – nokre av disse er utabygdes brukarar av «Heitt & svett».

Einstemmig godkjent var også rekneskapen og rapporten frå kontrollutvalet.  Rekneskapen for 2025 viste eit resultat for året på kr 13.895 som er heilt i gate med budsjettet.  Gjennomgang av budsjettet for 2026 førte med seg litt diskusjon – her var det lagt inn oppgradering av løpebanen og ferdigstilling av nærmiljøanlegget noko som er delvis finansiert allereie.

Diskusjon var det og om årskontingenten, men det enda opp med uendra sats på kr 200. Årsmøtet oppfordra elles til å gjera ein innsats for å få med fleire av borna i bygda som medlemar i laget, noko som har stor betydning med tanke på tilskotsmidlar til laget.

Nedafor har vi lagt ut oversikt over tillitsvalte i Todalen IL for 2026 .

Først publisert: 19. mars 2026, 06:00 - Sist oppdatert: 18. mars 2026, 22:29