Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Endeleg vart det kantslått og puss av vegkantar på kommunale vegar

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. juli 2026

Onsdag starta arbeidet med kantslått på kommunale vegar i Todalen, og det var jammen eit etterlengta syn som vi har venta lenge på.  – Det var Rolf Ove Røv frå Teigan Maskin, som gjekk på denne viktige oppgåva med hjullastar med kantslåttagregat, og han gjorde «vei i vellinga» og fikk fram igjen vegkantane.

Teigan Maskin skal ta kantslåtten på alle komunale vegar – foto Jon Olav Ørsal

Det er no over eit år sia sist det var kantslått på kommunale vegar og krattet har i løpet av året vakse heilt innpå vegane, og har vorte så kraftig at det må skikkeleg utstyr til for å få rydda det unna. 

Krattskogen veks heilt innpå vegen på dei kommunale vegane som ikkje har fått kantslått det siste året – her frå Falla på vegen oppover til Kårvatn. Foto Jon Olav Ørsal

Rolf Ove Røv har ordre om kantslått på alle kommunale vegar, og her i Todalen blir det Pilskarvegen, Ansnesvegen, Markavegen, Dalavegen og deler av Hjellnesvegen.  Det vil nok ta 3-4 dagar før alt er rydda unna, trur Røv som altså kjem frå Teigan Maskin som er innhyra på slåttajobben. 

Publisert: 2. juli 2026, 05:00