Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Endeleg vart det blautkake på Aune Sand

Jon Olav Ørsal Laurdag 14. mars 2026

Onsdag på den store opningsdagen var det massevis med blaukaker og andre kaker da Sanitetskvinnene trakterte tusevis med gjester med kaffe og blautkake. «Heile bygda» hadde baka blautkaker til bursdagen slik som det er brukeleg i Todalen.  Litt spesielt var det nok at det var dobbel bursdag for tvillingane Vebjørn og Aune Sand – aldr har vi vel opplevd ein slik bursdag med så mange gjestar.  Men Aune var både opprørt og skuffa over at han knapt nok rakk å smake ei einaste kake på opningsdagen. Men det ordna Jorunn på…

Aune startar på kakedelinga medan Jorunn følgjer med at det blir rett. Tydeleg at kaka fall i smak, for Aune forsynte seg iallfall tre gonger. Foto Jon Olav Ørsal

Jorunn Hals Ørsal (81) baka like godt ei eiga kake til Aune.  Laurdag morgon før dei opna galleriet kom ho og overraska Aune med nylaga blautkake av beste sort.  Aune var mesta bevega av denne spesialservicen, men han tok seg innatt og var mektig imponert.  – Denne kaka syboliserer både 17. mai, bursdager og blir bruka når ein skal vise ære til gjestene, sa han.  Han antyda at blautkake kanskje blir den nye eksportartikkelen for Todalen.

Aune kvitterte med eit flott fat til Jorunn, som var minst like overrasket som Aune som fikk kake. Foto Jon Olav Ørsal

Kaka gjorde stor lykke i leiren, og vi observerte i allfall at Aune forsynte seg med 3 store stykkjer, så det var tydeleg av det var ei kake som fall i smak.  Aune kvitterte for kake med eit flott fat, så Jorunn vart kanskje like glad og overraska som Aune var for kaka.

Publisert: 14. mars 2026, 14:30