På tidleg ettermiddag i dag tikka det inn ein epost frå Johnny Nonsens Myklegard og Anita Ugedal. Dei to driv podcasten Bonussporet. Dei fortel at det i dag er sesongfinale, og at dei idag fortel vi ei reell julehistorie frå 1887, hentå frå Endre Jerpstads samtidskjelder, gjengjeva i moderne språkdrakt, men med stor respekt for tid, tone og detaljer. Historia følger ei jule- og romjulsreise med hest og slede, frå Å i Meldal, gjennom Rindalen, og videre til Todalen, der heile romjula skulle feirast.
Undervegs blir overnattingar, mellom anna i Rindal og på skysstasjonen på Surnadalseidet skildra. Her blir også møte med menneske, vêr, slit og forventning skildra. Historia er rik på detaljer om skikkar, tradisjonar og kvardagsliv, og her blir verkelege personar og garder fra samtida, mellom anna Husby og Talgø nemnt.
Dette er ikkje ei dramatisering, men ei autentisk forteljing, som gjev eit sjeldant nært innsyn i korleis julefeiring, reising og gjestfriheit faktisk arta seg for snart 140 år sidan, akkurat i våre områder.
Johnny og Anita håper podcasten er eit fint bidrag til:
• lokal- og kulturhistorisk stoff
• julelesning/lytting med historisk forankring
• formidling av levd liv fra deres region
Dette skriv dei to om Endre Jerpstad:
Endre Jerpstad var fødd i 1857 og var halvbror til Johnny sin tipptipp-oldemor. I si tid en ganske så landskjent og anerkjent forteller, dikter og tegner, til tross for sine fysiske utfordringer. Han var født med kun stumper til bein og hendene var slik at han måtte holde penn og blyant mellom håndbakene for å klare tegne og skrive.
Her er lenke til episoden på spotify En juleferd i 1887 – Sesongavslutning
I Todalen historielag sitt årsskrift, som ein får kjøpt på Matkroken Todalen, kan ein leise meir om Endre Jerpstad!


