Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Elvesikkerhet for Statkraft-gjengen

Jon Olav Ørsal Tysdag 1. juni 2021

Det var nok mange som lurte på kva som foregikk i elva ved Brusetbrua tysdag ettermiddag, der eit dusin tørrdraktkledde personar med flytevestar dreiv på i det kalde smeltvatnet i Toåa.  Vi kan berre røpe det med ein gong, for det var selskapet HodeOverVann.no som sørga for at eit 10-tal Statkrafttilsett fikk opplæring i Elvesikkerheit – eller rett og slett eit aktuelt HMS-kurs for dei som jobbar ved elv eller sjø.

Opplæringa foregikk ved instruksjon og prøving i det kalde vatnet – men ingen sure miner for det. Foto: Jon Olav Ørsal

Det var tilsette både frå Todalen, Eresfjorden og Surnadal – ti i talet – som deltok på kurset som vart gjennomført i Brusethølen.  Alle skulle lære å redde seg sjølv eller ein kamerat, og lære å bli redda sjølv. Derfor vart alle påkledd tørrdrakt, ein avansert redningsvest og hjelm til formålet.   Elvevatnet er no reint smeltevatn og kan være på rundt 5-6 varmegrader, så det var lurt å ta på ullundertøy under tørrdrakta, sjølv om det var på årets varmaste dag – utafor drakta. 

Her var det berre å hoppe uti for å redde «ein arbeidskamerat»  foto: Jon Olav Ørsal

Alle sammen fikk prøve seg i det kalde vatnet – men ingen sure miner for det. Foto: Jon Olav Ørsal

Dei to instruktørane – Lars Fossum og Mikal Havnes Jørgensen – hadde mange gode tips som kan være til stor nytte i ein kritisk situasjon, dersom ein kollega skulle falle i elva.  Og Statkraftgjengen fikk både lære og prøve mykje denne dagen – både redning med line frå land og redning i elva med smeltvassføring og vading med sikring.  

Der var artig å være tilskuar på tørt og trygt land, og samtidig sjå kor fort dei lærte seg korleis redningsarbeid kan organiserast og korleis dei jumpa uti bølgene for å redde ein kollega eller andre som hadde behov for hjelp.  – Og følesen er nok god når ein kjenner at ein mestrar dette utan at redselen og panikken tek overhand.  

Vading i sterk strum er ikkje enkelt, men viktig at hjelpesmannen har god tak i tauet. Foto: Jon Olav Ørsal

Vi har laga eit stort bildegalleri frå «redningsarbeidet» i Brusethølen, og må nok berre medgi at vi etter kvart vart litt imponert!  Alle foto: Jon Olav Ørsal/Todalen.no

DSC_1211

Image 36 of 36

Bildegalleri kurset i "elveredning" som foregikk i dag. Det var selskapet Hode over vann.no som arrangerte kurset for tilsette i Statkraftselskapa i Todalen, Eresfjord og Surnadal - tilsaman 10 deltakarar.

Publisert: 1. juni 2021, 20:27