Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ein ubuden gjest på kjøkkenet…

Ein ubuden gjest på kjøkkenet…

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. juni 2012

Eg veit ikkje kven som vart mest forundra, røyskatta eller Per Åke, da røyskatta kika opp av bestikkskuffa vår!  Det var stilt i nokre sekund før røyskatta kjefta på Per Åke, som om det var han som var inntrengaren! Ho har levd godt under og bak kjøkkenbenken, der ho har fått tak i matrestar i «hønsematbøtta», og lagt seg under oppvaskmaskina å kosa seg! No er iallefall musene vekk! ;-).

Den har nok kome inn gjennom steinmuren til huset, ned i kjellaren og opp ved avløpsrøra opp til kjøkkenet. Nokon som har innvendingar mot at eg ønskjer meg tett kjøkken!!?? Eg har iallefall begynt å leggje lokk på matbøtta!

Publisert: 20. juni 2012, 21:26