Eigedomsskatteseddelen viser dei viktigaste opplysningane som ligg til grunn for utrekninga av eigedomsskatten, og inneheld:
- Takseringsgrunnlag: Verdien kommunen har sett på eigedomen
- Skattesats: Prosenten kommunen brukar for å rekne ut eigedomsskatten.
- Utrekna eigedomsskatt: Kva du skal betale for heile året
- Opplysningar om eigedommen: Adresse, gards- og bruksnummer, type eigedom m.m.
- Klageinformasjon: Korleis du kan klage og fristar for dette.
Problem med å opne digitale brev?
Surnadal kommunen brukar tenesta SvarUT til å sende digital post. Enkelte mottakarar har problem med å få opna posten i Digipost-appen på iPhone eller iPad, eller på andre mobiltelefonar og nettbrett.
Om ein har slike problem med å opne posten i appen, blir ein råda til å brukar ein vanleg nettlesar. Gå da til digipost.no, dersom ein brukar Digipost eller e-boks.no, dersom ein brukar e-Boks. Har ein tilgang på PC, så brukar ein da helst det. Ein må alltid ogge inn via ID-porten, ikkje med brukarnamnet og passordet som ein brukar for å få post frå private avsendarar.
Dersom ein har fått brevet via Altinn, men ikkje opnar det innan 2 virkedagar, får ein automatisk ettersent brevet som brevpost.
Ved spørsmål?
Dersom ein har spørsmål, tek ein kontakt med Surnadal kommune på telefon 71 65 58 00.
Ein kan også reservere seg mot digital kommunikasjon frå det offentlege. Da får ein alle offentlege brev sendt som brevpost, og reserverer seg, gjer ein på Reserver deg på Norge.no
Eigedomsskatteliste og fritaksliste 2026 er lagt ut til offentleg ettersyn.

