Klokka 7 i dag tidleg var Edøyfjord på plass, og klar til å gå inn i ruta mellom Kvanne og Rykkjem. Da hadde Stangvikfjord for lengst gått utover fjorden med redningsskøyta som følgeskap – til foreløpig plassering ved Halsanaustan.
Stangvikfjord gikk for eiga maskin utover, men mangla 1 av 2 thrustere etter landkjenningen i går ettermiddag. For Stangvikfjord blir det nok eit verkstadopphald for å reparere skaden etter grunnstøytinga. I mellomtida må nok Edøyfjord fylle oppgåva i sambandet Kvanne – Rykkjem.

Tid for Evaluering og oppsummering. Frå venstre Tor Arne Moen, Per Egil Fiske, Staffan Sandberg og Martinus Grønnes frå det lokale brannvernet. Foto Jon Olav Ørsal
Lensene som vart lagt ut for å samle opp oljesølet låg enno laurdag ut i området utafor ferjekaia, men må nok takast opp, da det er meldt mykje vind utover søndag. Sjølv om det nok blir ein kostbar skade på ferja, så var det nok flaks at det var så fine vêrforhold da grunnstøytinga. Bra var det og at ingen vart skadd i samband med grunnstøytinga.


