Onsdag 11.august kl 18 er det duka for ei heilt spesiell hending i Svinviks arboret – da blir det visning av Edel design – edle, norske designklede – i blomstrande samspel med jazz- og folkemusikkinspirerte tonar frå musikarane i Fjord og fjell.
Norsk vandrefestival er arrangør i samarbeid med Nordmøre museum i Surnadal. Da får vi oppleve prisbeløna, norske designklede som skal vandre i ein duftande seinsommarhage ilag med jazz- og folkemusikktonar frå Fjord og fjell. Arboretet sørgjer for at smakssansen får sitt, og modellane ber blomster frå hagen i hand.
Merket Edel design står for rå eleganse i reine naturmaterialar – nydelege, kortreiste klede skapt i Norge av designer Edel Urstad.
Fylkesmusikarane i gruppa Fjord og fjell improviserer innafor sjangrane jazz og folkemusikk- og vil skape musikken der og da under denne spesielle visninga.
Her blir det altså edle kleskreasjonar og blomsterarrangement i komposisjon med spennande musikk – sanseleg samspel for auge og øyre. Med gode smakar frå sommarkaféen i arboretet attåt, blir dette ei oppleving for alle sansar – så møt opp Svinviks arboret i fine augustkvelden! Les meir om programmet her
Billettar ved inngangen. Vaksne kr 120 – born under 16 år gratis.