Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dugnad med forviklingar på Skihytta til TIL

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. januar 2026

Denne veka har det vore eit par dagar der John Moe og Terje Nordvik har gjort ein dugnadsinnsats på Skihytta som Todalen IL har på sørfjellet.  Etter stormen Amy vart det oppdaga at eit par av bardunane hadde vorte unormalt slakke – det skulle dei to rette på ved å montere nye strekkfiskar. 

Ruskade forårsaka brot i eit par av bardunene når dei vart stramma opp. Foto Terje N

Det er til saman 6 barduner på hytta som står mellom Ørsalsetra og Øyasetra på ein vindfull plass. Hytta vart bygd av Statkraft først på 50-talet, så det er kanskje ikkje så rart at det er behov for oppgradering. Det vart oppdaga rustskade på nokre av bardunane og strekkfiskane, så når dei begynte å stramme så fekk di brotskade på eit par av bardunane som var skadde av rust. Disse må skiftes ut – så no treng dei 2 x 5 meter 10 mm wire og ein ny strekkfisk – kanskje det er nokon som har slikt på eit overskotslager, lurar Terje?

terje Nordvik strammar opp bardunane – dei har gjort jobben sia først på 50-talet. Foto John Moe

Når dei gjorde turen med snøskuter vart det samtidig frakta opp meir fyringsved til hytta – no har hyttestyret sørga for 40 sekkar i vedlageret og kan fyre omsalaust i komande sesong. Elles var det med litt anna utstyr også når det var frakting på gang og godt skuterføre – mellom anna ein ny sofa som skal plasserast på «vinterhagen», den innebygde.

Sofa til «vinterhagan» god som ny – 1986-modell laga ved Nikolay Talgøs møbelverksted. Foto Terje N

Så blir det vel ein ny runde for å skifte ut dei to bardunane, slik at hytta igjen kan stå i mot neste vinterstorm, som kan kome når som helst.

Oppfylt og rekordstort vedlager med fin tørr bjørkved. Foto Terje N.

Først publisert: 24. januar 2026, 06:00 - Sist oppdatert: 23. januar 2026, 19:21