Etter at drivstoff prisane gjorde eit hopp frå 1. september har prisbiletet endra seg, både når det gjeld autodiesel og blyfri bensin E10. Tysdag føremiddag tok vi tempen og sjekka pumpeprisen på pumpene på Skei – og samanlikna med vårt eige oljeselskap HalsOil på Kvennset.
Når vi samanlikna prisane på både autodiesel og blyfri bensin E10 so er det HalsOil som kjem best ut, med literpris på autodiesel på 27.90, medan blyfri bensin E10 kostar kr 24,90 pr liter.
Hos Surnadal Autosenter Esso på Skei kosta autodiesel 28,79 pr liter, medan blyfri bensin kosta 27,43 pr liter. YX Bjarne Schei hadde dieselpris på kr 28,99 medan bensin kosta kr 27,63. UnoX i butikksentret hadde 28,79 som dieselpris, medan bensinprisen var på 27,43.
Vi gjer mersam på at dette var prisane på pumpene tysdag mellom kl 11 og 12, og det kan være endra no – ofte vert prisane på drivstoff endre fleire gong om dag. I dag var altså prisane lågast i Todalen – men berre neppe at det lønner seg å kjøre til Todalen for å fylle, men det er kanskje lurt å fylle i Todalen dersom du er der så lell.




