Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Det går mot vår, igjen!

Jon Olav Ørsal Sundag 21. desember 2025

Søndag 21. desember er årets kortaste dag, og dermed tid for solsnu. Eller om du heller vil så kan vi kalle det for vintersolkverv. At det no går mot lysare tider er iallfall sikkert, sjølv om vi ikkje merkar så mykje til det dei første dagane.

I år så opplever vi altså solsnu den 21. desember, og det skjer kl 16:03 (norsk tid) og da går det sakte men sikkert mot ein ny vår. Som sagt så går det ikkje så fort til å begynne med, men etter kvart så vil daglengda auke med 6 minutt pr dag – da reknar vi fort ut at det tek 10 dagar å auke daglengda med 1 time. Alle monner dreg rette vegen!

Først publisert: 21. desember 2025, 09:00 - Sist oppdatert: 20. desember 2025, 17:11