Ja, her skal vi jammen bekrefta orda til Oddbjørn Haltli, som har flisa opp eit stort parti med lauvtrevirke i Halanesset, innmed Heggøyann. Det er da vel faktisk varmepumpa som får skulda for at vi er i ferd med å vekse ned av krattskog rundt omkring. Holte Maskin og Transport var i Halanesset og hogg ned rundt dyrkamarka i fjorvinter – no har dette fått tørka eit års tid, så no har mannskap frå Holte sørga for flising av heile partiet.
Etter at trevirket har tørka eit år er ho passe tørr til fyring, og mykje av flisa går til fyranlegget på Talgø MøreTre, som skal halde varmen i både Byggmakker og Hageland på Syltøran – i tillegg til oppvarming hos dei sjølve. I tillegg har Holte eit par fyranlegg i Rindal som leverer fjernvarme til fleire bedrifter i Bjerjin i Rindal.

Flisa blir transportert med konteinarar fortel Erik Holte som er sjåførlerling hos Holte og Oddbjørn Haltli som kjører gravemaskina som matar flishoggaren. Foto Jon Olav Ørsal
Som sagt skal vi sanne orda til Oddbjørn Haltli, som saman med Erik Holte har vore aktiv med flising nokre dagar i Halanesset. Det er nok fleire plassar det er behov for å fjerne krattskaogen rundt åker og eng, så dette må være eit fornuftig satsingsområde for Holte Maskin og Transport. Det er faktisk mykje råstoff å ta tå for flising!

Mykje å ta tå – her er Holte i gan med felling av lautrevirke rundt dyrkamarka ved Bønnavollan. Foto Jon Olav Ørsal


