Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Den tjuefemte Søyacupen vart ein suksess

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 22. august 2026

(Trollheimsporten.no) Laurdag inviterte IL Søya til den tjuefemte utgåva av den populære Søyacupen i fotball for unge spelarar i alderen seks til tolv år.

Det vart også spela kampar på Banksletta. Her er det Halsa/Valsøyfjord og Frei som spelar kamp. Foto: B G Ansnes

Det var overskya med fin temperatur, og sjølv om det kom nokre regndropar litt ut på ettermiddagen og ei skikkeleg skur rett før slutt, så greidde ikkje vêrgudane å øydelegge fotballgleda for den godt over fire hundre spelarane.

Søyacupen 2026 samla mykje folk. Foto: B G Ansnes

Søyacupen 2026 samla mykje folk. Foto: IL Søya

Største enkeltarrangementet

Søyacupen er det største enkeltarrangementet i Surnadal kommune og samla i år bortimot to tusen personar frå klokka ni på morgonen og fram til klokka halv fem på ettermiddagen.

Seks- og sjuåringane spela i ballbingane. Her er det Søya som spelar mot Surnadal. Foto: B G Ansnes

Sekstini lag var med

Det var sekstini lag som deltok på årets Søyacup, tjue lag mindre enn rekordåret i fjor, som hadde åttini påmeldt lag.

Laga som var med kom frå Elnesvågen og Omegn, Eidsvåg, Rival, Dahle, Frei, Sunndal, Kvass/Ulvungen, arrangørklubben Søya, Surnadal, Bøfjord/Bæverfjord, ØSIL, Halsa/Valsøyfjord, Rindal og Meldal.

– Skulle gjerne hatt med fleire lag i dei eldste klassane, og ikkje minst fleire jentelag, sa Solveig Kvande, som er arrangementsansvarleg for Søyacupen 2026.

– Men vi er sjølvsagt godt nøgd med at så mange lag kjem att år etter år, det betyr at laga trivst og på cupen vår, og det er vi glade og stolte for, la ho til.

Leif Magne Andersen var speaker for andre året, og han hadde full kontroll på kampoppsett og klokka. Foto: B G Ansnes

Fair-Play prisar med fine premiar.

Gjennom cupen er det ein eigen jury som følger med på alle laga i høve til Fair-Play. Her blir det her blir laga vurdert på korleis spelarane, trenarane og foreldra opptrer i høve til kvarandre, til motstandarane og til dommarane.

Halsa/Valsøyfjord J9, vann, saman med Surnadal J9, kvar sin Fair-Play pris under Søyacupen 2026. Foto: Karin Åsbø

Dei to vinnarlaga får eit gåvekort kvar på et tusen fem hundre kroner, og i år var det Surnadal J9 og Halsa/Valsøyfjord J9 som stakk av med Fair-Play prisane.

Surnadal J9 vann, saman med Halsa/Valsøyfjord, kvar sin Fair-Play pris under Søyacupen 2026. Foto: Karin Åsbø

– Her kunne nok alle laga ha vunne prisen, så juryen hadde ei vanskeleg oppgåve med å plukke ut dei to vinnarlaga, men båe er særs verdige vinnarar, sa speaker Leif Magne Andersen.

Internkamp mellom Surnadal J9 og Surnadal J10. Foto: B G Ansnes

Mykje fotballglede

Dei seksti ni laga spela totalt hundre og fire kampar i løpet av laurdagen, så her vart det mange nye positive fotballminner å ta med seg heim for dei godt over fire hundre spelarane.

Det er artig med cup, var spelarane på Rindal G9 samde om. Foto: B G Ansnes

– Det er kjempeartig å spele cup, var spelarane på Rindal G9 samstemte om.

Søyacupen blir spela på fem fine grasbanar, to ballbingar med gras og ein kunstgrasbane, så baneforholda er av aller beste kvalitet, noko som heilt sikkert er avgjerande for at cupen er såpass populær.

Søyaupen har også to ballbingar der 6 og 7 åringane spelar kampane sine. B G Ansnes

Premie til alle

Alle laga som deltek under Søyacupen får sjølvsagt premie, og kvart lag sine spelarar blir høgtidleg ropa opp på sigerspallen, der foreldre, besteforeldre og andre kan ta bilde av spelarane på sigerspallen.

Halsa/Valsøyfjord har fått sine velfortente premiar. B G Ansnes

Ikkje berre fotball

Sjølv om det er heilt naturleg at fotballen får mest merksemd ein slik dag, så er det også andre tilbod.

Det var sal av kioskvarer, frukt og grillmat. -Vi får mykje skryt for at vi kan tilby glutenfrie bakels med graut og frukt, kunne Leif Magne Andersen fortelje.

Gratis lykkehjul med premiar. Foto: B G Ansnes

Elles var det mogleg å vere med å prøve lykka på lykkehjul. Dette var gratis og ein kunne vinne premie, om ein var heldig?

Det var også høve til å få måla ansiktet, noko som såg ut til å vere verkeleg populært og noko mange nytta høvet til å prøve. Også dette var gratis. 

Mange prøvde gratis ansiktsmåling, Foto: B G Ansnes

Enorm dugnadsinnsats

Søyacupen er IL Søya si største inntektskjelde gjennom året, og utan tvil det arrangementet i klubben som krev mest dugnadsinnsats frå medlemmane.

I år er rundt hundre personar involvert i dugnadsarbeidet, der tretti er med som dommarar gjennom dagen.

Dugnadsgjengen riggar anlegget før cupen, stiller på forskjellege oppgåver under cupen og på rydding etter cupen.

Før årets utgåve av Søyacupen har IL Søya investert i nytt kjøkken i klubbhuset sitt. Foto: B G Ansnes

Før årets cup har IL Søya også oppgradert kjøkkenet i klubbhuset sitt, slik at dette er betre ruste til å ta imot alt folket som kjem på cup.

– Utan dugnadsinnsatsen frå dei flinke medlemmane våre, hadde det rett og slett ikkje vore mogleg å arrangere Søyacupen, sa ei takknemleg og nøgd Solveig Kvande.

Sunndal spelar her mot Dahle frå Kristiansund. Foto: B G Ansnes

-Eg vil nytte høvet til å takke alle så mykje for innsatsen, avslutta ho.

Vi kan gratulere IL Søya med nok ein flott gjennomført Søyacup!

 

Først publisert: 22. august 2026, 20:35 - Sist oppdatert: 23. august 2026, 12:53