Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Den originale Vårsøgplata frå 1977 kjem no på CD

Den originale Vårsøgplata frå 1977 kjem no på CD

Jon Olav Ørsal Måndag 5. november 2012

I 1977 ga Vårsøg med Henning Sommerro i spissen ut sin debutplate «Vårsøg». Den ble ein stor suksess, og vinylutgåva har i lengre tid vore eit ettertrakta samleobjekt, ikkje minst på grunn av tittelmelodien, som er ein av våremest spela songskattar. No kjem songane i si originale form for første gong ut på CD. På plata finn vi folkekjære melodiar som «Vårsøg», «Nordmørsminne» og «De er trygge til juli Sauda». Alle i sin opprinnelege versjon.

 Vårsøg har ikke spela saman på 32 år, men vart gjenfora under ein konsert under Vårsøghelga i Surnadal i sommar, til ære for Henning Sommerro, som fylte 60 år i mai 2012.  Vårsøg, som var ei vidareføring av det populære bandet Mad Movies, dreiv på i perioden 1976-1980. Dei rakk på desse åra å bli landskjent med sin musikk, som hovudsakleg er komponert av Henning Sommerro til dikt av Hans Hyldbakk, Edvard Hoem med fleire.

 Vårsøgs andre plateutgjeving, «Sola e komma», fikk Spellemannprisen for beste viseplate i 1978. Vårsøg er: Henning Sommerro, song og klaviaturinstrumenter, Knut Blekken, song, bass og el-gitar og Johnny Gausemel, trommer.  Det er Øra Fonogram i Trondheim, som har sterke røter til Surnadal og Nordmøre, som kjem med nyutgjeving av Vårsøg på CD.

Offisielt plateslepp skjer i Amfi Surnadal laurdag 1. desember kl 12, og da vil Henning Sommero være tilstades for å signere plata.

Publisert: 5. november 2012, 23:31