Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Den gamle skulen blir eit kunstsenter

Jon Olav Ørsal Fredag 20. februar 2026

Den 11. mars 2026 blir Aune- og Vebjørn Sand 60 år – det kjem til å bli skikkeleg markert i samband med opning av Sand-utstillinga i Todalen skule. – Skulen blir no som eit kunstsenter både lokalt og regionalt. Det blir feiring med kunstutstilling, samtidig som det blir lansering av eit nytt klokkemerke med urskiver som er dekorert av Vebjørn Sand og Marianne Aulie. Vi tippar at det blir ei skikkeleg bursdagsfeiring med mykje folk i den gamle skulebygninga – der den eldste deler er frå 1920.

Det gamle skulebygget som Sand-brørne kjøpte frå Surnadal kommune for 1 krone. Foto Jon Olav Ørsal

No er det travel å væra handverkar i den gamle skulebygninga – det blir arbeidd med oppussing, samtidig som det blir rigga for å bruke lokala til utstilling.   Gymsalen er heilt strippa for treningsutstyr og den gamle scena er rive ut.  Etterpå har veggane fått eit par strøk maling med nye fargar – og no skal det bli nytt teppegolv før utstillarane slepp til.   Elles står det att å pusse opp klasseromma i den gamle delen av skulebygget. Her blir det no maskert med tanke på sprøytemåling i nye fargar. 

Nils K. Gulla som er lærling i Talgø Tradbo river ut gamle rørarmaturer i det gamle skulebygget. Foto Jon Olav Ørsal

Det er mange som har bidrege med oppussingsarbeid – vi kan nemne Snekker- og Malerservice, Talgø Tradbo, Talgø Bygg, Svorka, Rørservice og sikkert mange fleire.  Det er handverkarar i skulen kvar dag no, og eg trur vi ligg bra an for å få ting på plass før opninga den 11. mars, trur Fredric Talgø som er driftsleiar i Talgø og som leiar arbeidet i skulen.   Det første lasset med måleri til utstilling kom sist måndag, og vi ventar enno eit par lass, fortel Fredric.  Mellom anna kjem det rundt 80 måleri som ikkje er vist tidlegare. Disse vil få verdspremiere i Todalen når vi opnar 11. mars. 

Fredic Talgø og Frikk H. Talgø riv ut ein gammel vhandvask i eit av klasseromma som no blir utstillingsrom. Foto Jon Olav Ørsal

Terje Talgø som er styreleiar i Talgø, seier at Talgø har bestemt seg for å være med og bidra til dette prosjektet. Han meiner at det som Sand-brørne gjer her, har stor betydning for heile Nordmøre – det er faktisk ikkje kvar dag vi har med slike kapasitetar å gjera, seier Talgø.  – Difor tykkjer eg vi må bidra med litt starthjelp for å kome skikkeleg i gang, for dette blir nærast som ei gåvepakke for heile Nordmøre og kanskje for heile regionen, etter mi meining. 

Nå skaal dei gamle klasseromma maskerast og få eit strøk sprøytemåling. Foto Jon Olav Ørsal

Talgø trur at dette også blir bra for kommunane rundt oss – ja faktisk for heile regionen. Det handlar faktisk om å få hit meir folk, og eg trur at alle har behov for fleire kundar.  Da blir det fort fleire og nye arbeidsplassar, og det betyr utvikling for heile regionen. Når vi opnar døra den 11. mars kan vi stolte vise frå 80 nye måleri som har verdspremiere og i tillegg blir eit nytt klokkemerke lansert – det skjer i samarbeid med urmakarmeister Evensen. Det skjer altså om knappe 3 veker i den gamle skulen som Sand-brørne kjøpte for 1 krone!

Publisert: 20. februar 2026, 07:11