Demenskoret er godt i gang og kosar seg når dei har øvingskveldar i kantina/møterommet på sjukeheimen, fortel Liv Botten som er leiar i Surnadal demensforening og helselag som star attafor. No har dei eit stort ønske om å få med fleire, og spesielt heimeboande som er demente, fortel Liv. Vi treng litt større breidde, og da passar det godt med fleire heimeboande saman med pårørande – eller kanskje ein korvenn kan være med?
Liv seier at ho skjønnar at terskelen kan være høg for å bli med, men dei som alt er komne med kosar seg når dei har øvingskveldar kvar måndagskveld kl 17. Demenskoret i Surnadal er leia av to dyktige musikarar som har lang erfaring med kor. Oddveig Helset trakterer pianoen, medan Rolf Arne Berg svingar taktstokken, og dei er samde om at det å synge saman bidreg til fellesskap og meistringsføling, og vi kan få annerkjenning og bekrefting på at vi alle er meir enn branok akkurat som vi er.



