Den årlege demensaksjonen går av stabelen i neste veke – i år går inntekta til lokal innsats og forsking på barnedemens. Dette er ei stor utfordring for samfunnet og ein tragedie for dei som blir ramma.

Visepresident Even Langli Moe og president Maria Svinsås flankert av Liv Botten (Surnadal) og Bettina Røen (Rindal). Vi er glade for at vi får god hjelp frå russen, seier Liv Botten. Foto Jon OLav Ørsal
Vi i Surnadal demensforening og helselag og Rindal demensforening vil derfor oppfordre alle i Surnadal og Rindal til å støtte opp om arbeidet for å bekjempe demens når vi kjem rundt med våre innsamlingsbøsser. I år, slik som dei siste åra, har vi fått god hjelp frå Surnadalsrussen – rundt 40 avgangselevar frå årets russekull stiller opp for å gå rundt med innsamlingsbøsser. Og dei vil besøke alle heimar i Surnadal og Rindal – i samarbeid med foreiningane i Surnadal og Rindal.
Demensaksjonen går får 21. til 27. september, og i løpet av denne perioden kjem russen heim til deg og bankar på døra di. – Hugs at kvar krone tel, og at med di gåve kan dyktige forskarar gjera sitt alt for at færre for demens og at vi kan hjelpe dem som er ramma til å meistre kvardagen.
Du kan og sende ditt bidrag direkte ved å bruke Vipps til Surnadal demensforening og helselag på 709094 eller Rindal demensforening 610025
I tillegg til russen og Helsefag VK1 og VK2 vil også rundt 30 av våre medlemar gå med bøsser eller bidra som sjåførar, fortel Liv Botten.

Litt skolering om kva demens egentleg er i auditoriet, før dei tek ut med bøssa. Foto Jon Olav Ørsal
Fakta om demens:
- I dag har over 100 000 menneske i Noreg demens, og talet vi truleg dobles mot 2040
- Barnedemens skuldast ei rekkje sjukdomar, og betegninga brukast sia borna får dei same alvorlege symptoma som vaksne. Det finns mange alvorlege og sjeldne sjukdomar som medfører barnedemens.
- Demens fører til dårleg hugs, problem med daglege gjeremål og endring av personlege eigenskapar.
- Nasjonalforeninga for folkehelsa er interesseorganisasjon for personar med demens og deira pårørande.

