Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«De nære ting» i Stangvik prestegard

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 16. august 2026

(Trollheimsporten.no) Tidleg fredag kveld inviterte Stangvikfestivalen til romansekonserten «De nære ting» i dei historiske og intime lokala i Stangvik prestegard. Her kom publikum tett på både tekst og musikk når Programleiar Mira Dyrnes Asklund, songartistane Anne Våg Aaknes, Erik Rosenius, Ola Lindseth, Maija Skille og pianistane Else Bø og Brage Einum formidla sterke, lågmelde og nære musikalske songskattar til ein fullsett prestegard.

Else Bø og Ola Lindseth – Else Bø og Ola Lindseth spela starta det heile med «Meditation Thais. Foto: B G Ansnes

Ola Lindseth og Else Bø spela «Meditation Thais» før programleiar Mira Dyrnes Asklund ønskte velkommen og las eit par sonetter av William Shakespeare.

Erik Rosenius framførte deretter «Jungfru Blond & Jungfru Brunett», frå operaen Stenhammar og «Bergmanden», før Anne Våg Aksnes song «Bryllupsmarsj» og «Jämtlids avskedsgånglåt».

Sigrid V. Bøe framførte «Var det en dröm» og «Fylgia», frå operaen Stenhammar. Foto: B G Ansnes

Sigrid V. Bøe framførte så «Var det en dröm» og «Fylgia», frå operaen Stenhammar, før programleiar Asklund las ei sonette att.

Skille og Aknes framførte «Geistliches Wiegenlied» etterfulgt av «Krenka», framført av Skille.

Mira Dyrnes Asklund – Mira Dyrnes Asklund var programleiar under kammerkonserten «De nære ting» i Stangvik Prestegard. Foto: B G Ansnes

Lindseth spela så «Adagio», før Bø og Einum spela «Neue Liebeslieder» nummer 3b, 4, 5 og 13 firhendig på pianoet.

Ei særs flott musikkstund vart avslutta med at alle artistane framførte «De nære ting»

Publisert: 16. august 2026, 11:00