Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dalavegen er døgnopen igjen

Jon Olav Ørsal Tysdag 13. oktober 2026

Gravearbeidet so krevde nattstenging av Dalavegen denne veka er no ferdig for denne gongen.  Dermed er Dalavegen døgnopen igjen, og kan trafikkerast døgnet rundt.  Men gravearbeidet fortsett i retning Innerdalsmerket, så du treffer nok gavemaskiner i aktivitet på vegkanten ei tid framover.

Det kan nok bli fleire vegkryssingar i tida som kjem, men da blir det berre regulering av trafikken i korte stunder.  Plana er å kome til Kårvatn med fiberkabel før det blir full vinter, fortel Rolf Petter Halle på Svorka. 

Publisert: 13. oktober 2026, 15:13