Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dagen før dagen – onsdag opnar kunstsentret.

Jon Olav Ørsal Tysdag 10. mars 2026

Da vi stakk innom for å ta tempen på utstillarane fikk vi intrykk av at det meste var under kontroll med tanke på opningsfeste i Todalen skole i morgon.  Ondag 11. mars kl 12 blir det snorkløpping og opning av den nye kunstutstillinga til Sand-familien.  Samtidig blir det feiring av dobbel 60-årsdag for tvillingparet Vebjørn og Aune Sand, og her er det bebuda at det skal feirast med champagne heile dagen til ende. 

Her blir det liv i morgon – det meste av måleria er komne på plass på veggane og klare for opning av galleriet. Foto Jon Olav Ørsal

Ja det blir nok storinnrykk med slike «begivenheiter» og jammen trur vi at publikum blir positivt overraska over det dei får sjå – Det er laga kunstutstillingar i alle fleire av klasseromma i tillegg til at gym-salen er opna opp og har dermed vorte det finaste kunstgalleri med nymåla veggar, nytt teppegolv og nymontert kunstbelysning. 

Ein heil gjeng med handverkarar har stått på for at alt skulle bli klart til opninga, og no er det så godt som klart, og det står berre att å montere resten av måleria på veggane så er det klart for å kløppe snora.  Det er ordførar Hugo Perdersens ansvar.  – Det må fakstisk være godt for ordføraren å sjå at den gamle skulebygninga frå 1920 får ein slik flott etterbruk.

Står støtt – Aune Sand har vore med på innspurten og er klar for opningsfest og jubileum onsdag 11.3. Foto Jon Olav Ørsal

Aune Sand har vore i Todalen i fleire omgangar, og delteke aktivt med rigging av utstillinga.  Vebjørn kom i går, og deltok i dag med montering av utatillingane.  Han var imponert over det han fekk sjå da han kom fram.  Ein lang og monoton tur oppover Østerdalen hadde stigning i programmet fram til Surnadal og vidare innover til Todalen.  Han har med seg pensel og målarutstyr, og kanskje tek han eit avbrekk for å svinge penselen – her finns iallfall massevis av flotte motiv ga han uttrykk for. 

Publisert: 10. mars 2026, 14:35