Laurdag 27. juni inviterer Todalen Idrettslag til Todalsdagen 2026, og måndag starta forehandssalet av lodd i det store Ssommerlotteriet! Hovudgevinsten er i år Norge si offesielle heimedrakter under fotball VM 2026 i USA, Canada og Mexico. Det er to drakter, den den eine er ei herredrakt i størrelse S og den andre er ei barnedrakt i størrelse M. Som ein kan sjå på plakaten nedanfor, så er det også mange andre verkeleg fine gevinstar i årets Sommarlotteri!
Kvart lodd kostar kroner 20, og kan kjøpast via Vipps 527926. Hugs å skrive namnet på loddkjøparen,m dersom ein kjøper lodd til nokon andre enn seg sjølv! Trekninga går føre seg klokka 14:00 under Todalsdagen på Bordholmen stadion.
Todalen Idrettslag nyttar høvet til å takke alle sine sponsorar for bidraga!


