Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Da er skulen kjøpt og betalt

Jon Olav Ørsal Fredag 16. januar 2026

Torsdag var det oppgjørets time for Todalen skule og avtalen mellom Surnadal kommune og Sand-familien som no har kjøpt skulen for ei krone på spesielle vilkår.  Harald Bredesen i Surnadal kommune seier at han trur dette blir ei god løysing for begge partar  – og ei god løysing for bygda. 

Urmakermester Arve Evensen, ordførar Hugo Pedersen og Aune Sand etter at handelen var i boks. Foto Surnadal kommune

Sandfamilien ønskjer at skulen skal bli eit aktivitetshus for heile bygda, og Bredesen trur Sandfamilien med sin kreativitet vil få til eit spennande opplegg som kan dra med seg mykje aktivitet.  Sandfamilien har signalisert at det skal bli storstila opning alt i mars månad og at det berre er starten på eit spenstig opplegg for den gamle skulebygninga – der den eldste delen er frå 1921. 

Avtalen er underteina og skulen klar til bruk. Kommunedirektør Lars Inge Kvande og Aune Sand med kvar sitt eksemplar av avtalen. Foto Surnadal kommune

Torsdag vart det iallfall skrevet kontrakt, og kjøpesummen vart betalt fullt ut.  I den gamle skulebygninga er ryddearbeidet i full gang, og vil fortsett utover vinteren.  Nytt urmakerverkstad er alt på plass og urmakermester Arve Evensen er alt komen litt i gang – det blir ei historie i seg sjølv. 

Urmakermester Arve Evensen er alt på plass i sin verkstad i Todalen skule. Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 16. januar 2026, 14:27