Todalen sanitetsforening er i gang med garasjebygging ved Sanitetshuset på Kvennset. Solveig Glærum som er leiar for Todalen sanitetsforening fortel at det først og fremst bygges 3 garasjar/carportar med tanke på utleie til bebuarane i Sanitetshuset. Ho fortel at det også kan være aktuelt å leie ute garasje til naboar og andre dersom nokon blir ledige.
Garasje anlegget er finansiert gjennom oppsparte midlar i foreninga, samt støtte frå gode sponsorar. – Vi har også tenkt å søke bankar og forsikringsselskap om økonomisk støtte til prosjektet.
Da vi stakk innom Sanitetshuset i dag var det 3 snekkarar i full sving med å reise bygget – 3 pensjonistar som er engsjerte i prosjektet på dugnadsbasis. Mykje av reisverket er kome på plass, og arbeidet gjekk unna så snart blir det vel snorkløpping.



