Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Busstur til Kristiansund

Dordi Jorunn Halle Fredag 26. juni 2026

Todalen historielag og Stangvik historielag arrangerte tur til Kristiansund torsdag 25. juni. Turen gikk til Normoria kulturhus og klippfiskbrygger.

Normoria er det nye kulturhuset i Kristiansund. Normoria vart opna i 2025. Her er Nordmørsmusea, Kristiansund bibliotek, Kristiansund kulturskole og operaen med operasal, symfonisal og prøvesalar samla under same tak. Namnet Normoria er funne på gamle sjøkart for land og hav som no er Nordmøre. Normoria var drømmen om godt fiske og god handel. No er ønsket at Normoria skal vere møtepunkt for folk og kultur på Nordmøre. Ønsket er å skape liv for alle generasjonar. Bygget har eit areal på 1200 kvadratmeter. Normoria ligg på Kongens plass.

Museet fortel historia frå steinalderen og fram til i dag. Den 31.oktober i 1901 fann arkeolog Anders Nummedal flintbitar ved Voldvatnet – eit funn som fortalde at dei første menneska på Nordmøre hadde laga redskap av stein. Steinalderen varte i ca. 8000 år fram til bronsealderen som begynte rundt år 1800 f. Kr.

Bit av flintøks, beltespenne i bronse og pynt av perler. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Gullring frå 400-talet og bronseøks frå Viset I Sunndal. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Kulisteinen – Noregs dåpsattest

Kulisteinen vart funnen på øya Kuli ved Smøla, ein stein som vart reist for 1000 år sidan. Her er det to sider med tekst – runer: «Tore og Halvard reiste denne steinen etter Ulfjot. Tolv vintre hadde kristendommen vore i Norge.» Kulisteinen markerer overgangen frå norrøn til kristen tru og frå mange små kongedøme til ein samla kristen stat.

Den ekte kulisteinen. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Skreien – Nordmøres gull

Skrei er den råvara som har betydd mest for Nordmøre. Han har forsynt regionen med mat og arbeid i århundre, tørrfisk og klippfisk –  både som mat for kystfolket og til eksport.

Meir om historia til skreifisket kan ein sjå på klippfiskmuseet i Vågen; stikkord er bacalao, Spania og Portugal.

Guide Stein Gunnar Sommerset med ein flott klippfisk. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Skrei som ligg til tørk på Milnberga. Fotoeigar: Nordmørsmusea.

Milnbrygga – her lukta det sterkt av fisk og salt. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Sundbåttur. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Sundbåten

Etter ei lang, interessant og grundig omvisning på Normoria, vart det tur frå land til land: Kirkelandet, Innlandet, Nordlandet og Gomalandet – heilt gratis. Sundbåten er verdas eldste offentlege kollektivtransportselskap som framleis er i drift. Kristiansund dampbåtsamlag vart stifta i 1875, og den første båten «Kvik» kom i drift 18. november i 1876. Snart vart to båtar til, Rap og Fram, sette i drift.

Norsk klippfiskmuseum

Museet held til på Milnbrygga på Gomalandet, ei autentisk klippfiskbrygge frå 1749, ei sjøbod i lafta tømmer. Til brygga hører klippfiskberga «Milnbergan», med vaskeplass og tørkeplass for fisk. Her arbeidde kvinner og barn i sesongane – det kunne vere både vått og kaldt og lange dagar!

Turen vart avrunda med besøk på Mellemværftet – den viktigaste oppgåva var å halde vedlike den store flåta av små seglbåtar som dreiv fiske, og der var og smia viktig.

SVANVIKEN ARBEIDSKOLONI   Besøk: henvendelse til styreren.

SVANVIK WORK CAMP                Visitors: please contavt the warden

Denne teksta møtte dei som kom til Svanvika for å bu eller på besøk. Svanviken var ein arbeidskoloni på Eide på Nordmøre, der omreisande tatarar/romanifolk skulle lære å forkaste sin eigen kultur og venne seg til eit liv som bufaste. Arbeidet vart drive av Norsk misjon blant hjemløse på oppdrag frå den norske staten og var finansiert over statsbudsjettet. Svanviken var i drift fra 1908 til 1989!

Dette er eit trist og sørgeleg kapittel i norsk historie. Her var det strenge reglar, og bebuarane var underlagt streng kontroll og tvangsbruk. I perioden 1949 – 1970 vart 40 % av kvinnene tvangssteriliserte, rasegenetikk. Særeigen romanikultur som språk og musikk var bannlyst. Besøk av andre romanifolk/tatarar var forbudt.

Først i 1973 vart det sett kritisk søkelys på forholda ved Svanviken – ikkje minst på grunn av filmen «Tater» av Vibeke Løkkeberg. Denne filmen førte til ein omfattande samfunnsdebatt.

Før heimturen var det middag på Kranakjæret restaurant.

Formannen i Todalen historielag, John Moe, var turleiar, og Øystein Moe kjørte bussen trygt og godt.

Fleire bilete:

Smia ar svært viktig både for skipsbygging og for vedlikehald av skipa. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Gravkammerport frå gravkammaret til Caspar Myhlenport I Nidarosdomen. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Relikvieskrin frå mellomalderen. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Framstig. Lokalrutebåt bygd i Risør i 1914. Helen Saksen har vore med på tokt med Framstig. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Rundt kaffebordet: Inger Johanne Iversen, Ingri Bruset, Ragnhild Ansnes Moe, Liv Jorunn Bævre Moe, Britt Mossing, Helga Nordvik. Fotoeigar: Inger Johanne.

Først publisert: 26. juni 2026, 18:47 - Sist oppdatert: 27. juni 2026, 21:32