Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Breiband blir bygd ut til Kårvatn

Jon Olav Ørsal Fredag 28. august 2026

I dag starta gravearbeidet med å føre breibandstenester fram til Kårvatn.  -Dersom vi er heldige skal vi klare å kome oss til Kårvatn før det tele og stopp med gravearbeid til vårløysinga, seier Rolf Petter Halle som er leiar for graveprosjektet.  Breibandet skal no førast vidare frå Falløya/Gammelfabrikken og 6-7 kilometer vidare til Kårvatn og Dalalia.

Traseen for fiberkabelen går etter gammelvegen oppover Falla og vidare over Tjønnmyran Foto Jon Olav Ørsal

Gravinga går etteer ein trasee oppover gammelvegen i Falla, og vidare over Tjønnmyran til Vestrum og Talgø gard før den går vidare etter vegkanten til Kårvatn.  Plana er at det skal førast fram breiband til alle bustadene på strekninga og til hyttefeltet i Dalalia. Det blir bruka 2 gravemaskiner på prosjektet, som er eit samarbeid mellom Rolf Petter Halle og Røen Maskin AS.  

Frå Falløya/Gammelfabrikken til Kårvatn er det ca 6 km – i tillegg kjem hyttefeltet i Dalalia . Foto Jon Olav Ørsal

Dette er ein del av eit prosjekt for framføring av fiberbreiband til Settemsdalen og Østbødalen i tillegg til Kårvatn i Todalen.  Heile prosjekttet er støtta med 3,6 mill. av Statsforvaltaren – derav 2,27 mill til prosjektet i Todalen.
I Todalen reknar Svorka med at dei totalt skal nå rundt 15 nye kundar som vil få fiberbasert breiband.

Vegkryssingar og varsling
Rolf Petter Halle reknar med at det blir nokre vegkryssingar på strekninga mellom Falla og Kårvatn.  Her blir det varsling gjennom kommunale kanalar og i tillegg blir det varsling gjennom eit samarbeid med Todalen.no.  Her er det altså berre å følge med på Todalen.no, seier Halle

Publisert: 28. august 2026, 11:47