Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Botnfryste stikkrenner – Veidekke er godt førebudd

Jon Olav Ørsal Sundag 1. mars 2026

I dag flaut det over ved ei av stikkrennene ved Lauvåbrua ved Husby.  Mildvêret i går gjorde at det var ein del vatn i veggrøfta, medan 5-6 kuldegrader i natt fraus til åog laga ein farleg trafikksitausjon med mykje overvann og is i vegbanen.  

Olav Røe frå Veidekke hadde råd for isproppen i stikkrenna, sjølv om ho var botnfrosset. Foto Jon Olav Ørsal

Sjølv om det var søndag så tykte vi at det var rett å alarmere til vakta i Veidekke.  Dei er nemleg ansvarleg for vedlikehald på fylkesvegane her – som tenkt så gjort, og da tok det ikkje meir enn eit par timar, så var ein «vegvoktar» frå Veidekke, med steamkjele på slep – og ei gravemaskin frå Ranes Maskin på plass.  Med tining og rydding av is, så var jobben unnagjort på eit par timar, og vatnet tok rette vegen bort frå vegen.

Slik såg det ut på morgonkvisten – slett ikkje ufarleg trafikksituasjon ved Lauvåbrua der vatnet rann over vegen. Foto Jon Olav Ørsal

Olav Røe som var Veidekkes mann var ikkje overraska over at det var ein skikkeleg ispropp i stikkrenna.  Han kunne fortelje at Veidekke har førebudd seg på mildvêr og regn i halvanna månad no.  Dei har rensa grøfter og vegkantar for is og opna frosne stikkrekker rundt omkring i heile området dei er anssvarleg for.  Over helga blir det høgare temperatur og mykje smelting av is og snø – det er faktisk meldt ein god del regn og dei komande dagane.  – Det er vi faktisk godt førebudd på, seier Røe.  

Med steamkjele og gravemaskin vart det sving på sakene, og etter kvart var vatnet på plass stikkrenna og hamna etter kvart i Lauvåa. Godt at våren nærmar seg no! Foto jon Olav Ørsal

Publisert: 1. mars 2026, 15:09