Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Bondebladet på besøk

Bondebladet på besøk

Elinor Bolme Torsdag 10. september 2009

Onsdag kveld var det eit lite evalueringsmøte på Pakkhuset pub etter premierefesta i forbindelse med barne-tv serien frå Kårvatn.

I den anledning hadde Godt mot invitert Bondebladet på besøk, for å belyse alt det positive som foregår i Todalen i forbindelse med bygdemobiliseringsprosjektet.  Frå Oslo kom journalist Tor Jostein Sørlie, som var veldig ivrig på å høyre om kva todalingane har dreve med, og naturleg vis kva som er planane vidare. Her kan nemnast at kampen for Oppvekstsenteret og det engasjementet som kom fram undervegs, vart lagt vekt på. Ellers vart det aller meste som blir halde på med i Todalen nemt.

Bondebladet har eit opplag på 73 000, så dette vil forhåpentleg bidra til å sette Todalen enda meir på kartet.

Publisert: 10. september 2009, 11:38