Måndag 22. juni klokka 19:00 inviterer Bygdebokprosjektet i Surnadal til «Bokslepp» av Bygdebok for Surnadal band 6 lansert ved Mo oppvekstsenter. Band 6 dekker området Dalsegg til og med Svean på nordsida av Surna og markagardane på Nordmarka.
Arrangørane ønsker alle interesserte hjarteleg velkomne på «bokslepp»! Her vil det bli ein presentasjon av den nye boka og av arbeidet med henne. Utan ein formidabel innsats frå frivillige hadde det vore umuleg å laga boka. – Vi må derfor også nytte høvet og gjera litt stas på våre dyktige frivillige!, heiter det i invitasjonen.
Det vil vidare bli sett av tid til ein prat om framtida til bygdebokprosjektet. Kommunestyret har kutta alle midlar til vidare bygdebokproduksjon, så band 6 ser ut til å bli den siste boka av det nye verket.
– Vi vil mellom anna stille spørsmålet om det er muleg å vidareføre prosjektet på andre måtar?, skriv arrangørane.
Det nye bandet må sjølvsagt feirast, så blir kake og kaffe/te/saft. Etterpå vil det bli høve til å bla i den nye boka og sjølvsagt få kjøpe den!
Det nye bandet vil vere å få kjøpt:
- På Surnadal bibliotek på kulturhuset
- På Ark Surnadal på Alti Surnadal
I samband med «boksleppet» og fram til Surnadal kulturhus stenger dørene for sommaren fredag 10. juli, vil det vera mogleg å gjera eit superkupp på bygdebøker! Dei som kjøper det nye band 6, vil i tillegg kunne kjøpe tidlegare band for kroner 500,- per stk. Tilbodet gjeld berre under boklanseringa på Mo oppvekstsenter og i skranken på kulturhuset.

