Rannveig Eikrem har boklansering og konsertforedrag om Kristian Halse i Skulstuå i Todalen, søndag 13.september kl.13.00.
Kristian Halse frå Halsa/Todalen(1858–1939) var lærar og kyrkjesongar og fekk statsstipend for å samle inn folketonar på starten av 1900-talet. Dette utgjer den første store innsamlinga av folketonar på Nordmøre. Han var nysgjerrig og grundig i tilnærminga til kjeldene sine, og han samla inn over 240 melodiar – der mykje av dette materialet elles ville ha gått tapt. Etter å ha lege i mange tiår i ei skuffe i arkivet, kjem samlinga etter Kristian endeleg ut. Rannveig Eikrem har skrive boka om Halse og folketonane. Boka er basert på masteroppgåva hennar i musikkvitenskap frå 2008. No er all musikken transkribert og digitalisert, og i denne boka blir samlinga av folketonar gjort tilgjengeleg for alle interesserte.
Denne dagen får vi eit konsertføredrag, der vi får høyre Eikrem fortelje om Halse og tonane og om arbeidet med boka. Vi får også høyre eit utval av songane. Rannveig Eikrem er musikkviter frå NTNU med særleg fokus på vokal folkemusikk og religiøse folketonar. Ho har dirigert kor i over 20 år og brukt mykje lokalt folkemusikkstoff på vegen.
Sagt om boka:
“Boka er langt meir enn ei notesamling; den gir brilliant innføring i ein musikkstil som går langt ut over dur og moll, taktfaste rytmer og interessante tekster. Eikrem gir glimt av unik kulturforståing og åndsliv hos dei vi er etterkomarar av.” Trollheimsporten 18.08.2026.
Innsendt bidrag frå Skulstuå v/Ragna Kvendset.


