Måndag kveld var det ryddedugnad etter vegkantane rundt bygda – fort unnagjort da det var lite søppel å finne i vegkantane. Folk er dyktige til å ta med seg søppel for å kaste i søppeldunkane, men litt plast og papir var det da rundt omkring. Bra at dette blir henta inn og samla i hop, slik at det ikkje gror ned no når det blir grasvokster utover våren og sommaren.
Elles har Todalen Bøgdalag sia sist avvikla årsmøte. Det skjedde i Todalen ungdomshus den 16. april. Her var det vanlege årsmøtesaker som stod på agendaen, og etter årsmøtet vart det ny styreleiar, da Bjørn Gunnar Ansnes overtok leiarklubba. Elles vart det eit par rokkeringar i styret – Klikk på linken, så kan du sjå styresamansettinga for 2026.



