Tysdag 8. september inviterer Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til ny fjelltur. – Denne gongen prøvar vi oss på Slettfjellet att, kan Lars Gudmund Røen i Fjellgruppa fortelje. – Blir veret for dårleg tek vi ein alternativ tur som passar betre, legg han til.
Frammøte på rasteplassen ovafor Skei klokka 09:30 for samkøyring til bommen på Vinddøldalsvegen. Dei frå øverbygda kan møte direkte ved bommen så blir det samkøyrer vidare derifrå til parkeringsplassen ved Holtasetra.
– Hugs bompenger og gode sko etter veret, avsluttar Lars Gudmund
Fjellgruppa ønser vel møtt til medlemmer og andre!

