Tysdag 9. juni inviterer Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til ny fjelltur, denne gongen til Resdalen og Jølfjellet. Oppmøte på rasteplassen ovafor Skei klokka 09:30 for samkøyring til Resdalen.
– For å sleppe å kjøre nedover til Skei for dei som bur ovafor Skei kan dei møte på parkeringsplassen innafor Resvatnet eller avtale med nokon om å bli plukka opp på turen, kan Lars Gudmund Røen i Fjellgruppa orientere om.
Fjellgruppa ønsker vel møtt til medlemmer og andre!

