Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Beste kåringsvær

Beste kåringsvær

Jon Olav Ørsal Onsdag 21. oktober 2009

Værlammet til Gudmund K. Kvendset gikk heilt til topps under kåring i Surnadal onsdag. Værlammet hadde nerast «full score», og fikk kvit sløyfe som eit synleg bevis for den vart beste kåringsvær.
Gudmund kunne fortelle at værlammet er 56 kg og at faren er av beste kjøttslekt, med aner frå Olmod Nordviks besetning.
I vinter har han 37 lamsauer i fjøset, og når våren kjem reknar han med å sende rundt hundre dyr til beite i Kvennsetdalen og Lauvåfjellet.
I år mista Gudmund 5 dyr av ei bestning på 94 på fjellbeitet, så det er ei spenning kvart år med hensyn til jervangrep i beiteområdet.

Først publisert: 21. oktober 2009, 20:09 - Sist oppdatert: 23. oktober 2009, 09:16