Surnadal Alpinsenter markerte på mange vis at vintersesongen nærmar seg slutten, da det vart arrangert bassengenn som såg ut til å engasjere både gammel og ung. Her vart det rent så vasspruten stod, og det vart mangt eit magaplask. Når ein først var våt så kunne ein like godt bli skikkeleg våt, så det heng nok mykje klær til tørk rundt omkring i byga no i kveld.
Med ein slik kald vinter som vi har hatt, så har det ikkje vore noko problem å få laga mykje kunstsnø, og det har gjort at det ligg ein skikkeleg såle med kunstsnø i botnen. Den har nok vært god å tære på no på tampen av vinteren, og den har også sikra at skiføret i bakken har vart heilt til påske. I dag var det rundt 50 deltakarar i alderen 5 til 52 år.
Det var iallfall stor stas med bassengrenn, og vi trur at både små og store har kosa seg «på bassengkanten» både med og uten ski på beina. Så får vi sjå om skiføret rekk til nokre dagar over påske før vi setter på «sommardekk». Fortsatt god påske!






