Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Basarsøg i Nordvik Forsamlingshus – tusen takk for all støtte!

Dordi Jorunn Halle Sundag 30. november 2025

Nordvik Grendalag inviterte til tradisjonell førjulsbasar første søndag i advent med godt oppmøte.

Basarbordet bugna av fine og nyttige gevinstar, i alt ca. 50. Komiteen rettar ein stor takk til bedrifter, butikkar og privatpersonar som har støtta med flotte gevinstar. Dei er også utruleg takknemlege for den positive velviljen og god responsen dei har fått.

Hanne Waag var ansvarleg for basarbord og trekking av gevinstar. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Basaren starta i år kl. 16:00 – to timar tidlegare enn det som har vore vanleg før om åra. Dette for å gjere basartida meir barnevennleg, og fjøstida er no fleksibel med nye driftsformer.

I tillegg til basarbord var det fleire rundar med åresalg og pilkast som den yngre generasjonen tok ansvar for! Riktig kjekt å sjå kor ivrige og dyktige dei er.

Det vart også delt premiar for trimbøkene og pilkast.

Haltbakkan: Anna Ingeborg. Dammen: Anja Nordvik.

Pilkast. Vaksen: Kenneth Sæterbø. Barn: Jon Ola.

Gutane som organiserte pilkastinga var: Ådne, Alvin og Magnar. Foto: Dordi Jorunn Halle.

I alt kom det inn ca. 20 000 kroner som kjem godt med for Grendalaget som har både hus og mange arrangement.

Jentene som selde årer og delte ut gevinstar. Frå venstre: Idun, Ingeborg, Ingrid og Oda. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Tonje Vikan selde lodd på barnebordet. Foto: Dordi Jorunn Halle.

 

Publisert: 30. november 2025, 22:39