Todalen sanitetsforening arrangerte årets basar i Sanitetshuset torsdag 22. september, mykje folk og stor givarglede.
Her var det stort basarbord med variert utvalg av fine og nyttige gevinstar – heile 36 i talet. Og loddsalget gjekk strykande.

Jean kjøper lodd. Loddselgararne er: Marit Sanden Søyset, Jorunn Hals Ørsal, Synnøve Hole Talgø, Arndis Søyset og Ragnhild Ansnes Moe. Foto: Dordi Jorunn Halle.
Karrakrok og åresalg
I auster enden av møterommet i Sanitetshuset er det ein litt skjerma «krok», og der var karane samla. For kvar runde med åresalg hamna dei fleste gevinstane der. Konklusjon: Karane var i mindretal, men hadde dei fleste årene og vann dei fleste gevinstane!

Karrabordet! Rundt bordet: Øystein Moe, Jon Olav Ørsal, Tor Holten, Anders Halset, John Moe, Ragnar Halle, Knut Halset, Magne Søyset, Gudmund I. Kvendset og Kristian Gjeldnes. Her hamna dei fleste åregevinstane. Foto: Dordi Jorunn Halle.
Kaffe med noko attåt
På kjøkkenet var det ståande buffet med eit rikhaldig og raust matbord: mange slag kaker, snittar, rundstykke, bollar, graut og bakels og så vidare! Så her kunne basarfolket få både ettermiddagskaffe og kveldsmat.
TAKK
Todalen sanitetsforening rettar rein stor, stor takk til alle som støtta basaren med loddkjøp og gevinstar!
Og samla inntekt på loddsalet vart godt og vel 42 000 kroner!
Trekkingsliste:




