Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bankmila – satsar på rekordeltaking

Jon Olav Ørsal Torsdag 18. juni 2026

Laurdag 20. juni er det full satsing på «Bankmila», som er ei satsing som Sparebank1 Nordmøre gjer i lag med Surnadal Idrettslag. Det har vore bra utvikling i deltakinga på Bankmilja, og i 2025 var det heile 220 som deltok, og i år satsar vi på å få enda fleire, seier Arne Berset frå Sparebank1 Nordmøre som er løpsleiar. Laurdag 20. blir det nok liv og røre på Bankplassen på Skei, der det blir forskjellige aktivitetar i samband med løpet. 

Liv Dalsegg med vandrepokalen til beste bedriftslag – Arne poengterer kor viktig det er med påmelding, slik at du blir med i trekkjinga av deltakarpremiar. Foto Jon Olav Ørsal

Start og målgang blir frå bankplassen framfor kommunehuset, og først ute er Barnas løp som startar kl 10:30.  Trimklassen har starttid kl 11:00 og konkurranseklassen startar kl 11:30.  Liv Dalsegg i Sparebank1 Nordmøre fortel at det alt no er mange som er påmeldt, og ho poengterer at det er viktig at alle som vil delta i ein av dei tre klassane melder seg på til start.  Påmelding kan du gjera enket ved å skanne QR-koden som du finn på nettsida til banken eller på plakatar ved startområdet. I år er det fleire flotte uttrekkspremiar enn nokon gong, men det er berre dei som er påmeldt som blir med på trekkninga. Det er ønskelag at alle som skal løpe på tid hentar ut startnummer seinast minutt før start.  Og QR-koden/barneløp: – Her kan foreldre bare melde på barnet, og hente en startvest. Bare si til de som leverer ut at barnet er påmeldt.

 

Klikk deg inn på QR-koden for å melde deg på. Du må være påmeldt for å være med på trekkjinga av deltakarpremiar, poengterer Arne Berset frå banken. Foto Jon Olav Ørsal

Løpsleiaren fortel vidare at dette er 6. gongen at Bankmila arrangerast – hovudløypa er storrundt i nedre Surnadal med ein distanse på 10,4 km – same løypa som i.  Trimklassen har ei kortare løype som går via Sylte og Sveen Auto og er på ca 8 km.  Barneløypa er en nedkorta versjon som er ein rundtur på Skei.  Arrangøren oppfordrar spesielt bedrifter til å stille med på lagkonkurransen, der 3 av dei 5 beste tel med i resultatet.  Vi håper at fleire sterke kandidatar blir med og kjempar om vandrepokalen, seier Berset. 

Alle som deltek får flotte medaljer og i tillegg er det pengepremiar til dei beste i kvar klasse.  Startkontingenten er 200 kroner, og den går uavkorta til Surnadal Idrettslag.  Surnadal G13 og J14 har fått oppgåver som løypevakter, og får for den jobben eit tilskot til reisekassa til Norway Cup.   

Her er det altså berre å hive seg på og blir med så klarer vi å sette deltakarrekord –  elles er det og bra å ha ein solid heiagjeng!!

 

Først publisert: 18. juni 2026, 20:40 - Sist oppdatert: 19. juni 2026, 19:24