Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Både laksen og laksefiskarane ventar på regnet

Jon Olav Ørsal Laurdag 4. juli 2026

Det blir påstått at det står mykje laks utafor utløpet til Toåa og ventar på meir vatn.  Laksefiskarane held på og blir utålmodige, for yr.no har meldt regn i fleire dagar, uten at det blir noko som monnar på vassføringa.  Til no er det teke 3 laksar og 1 sjøaure på tilsaman 8 kg, som egentleg er eit katastrofalt resultat når vi er ein månad ut i sesongen.

Blir det meir aktivitet etter kvart no? Hittil er det teke 3 laksar og ein sjøaure i Toåa i år. Foto Jon Olav Ørsal

Men så har det vore lite fiskarar i elva og sjølvsagt påvirkar det resultatet at det er lita vassføring i elva.   I skrivande stund er vassføringa ved Storfossen på 2,69 m3/sek, og det er nok berre ein tredel av det som skal til for at tilhøva skal bli bra – helst bør ein opp mot 12,0 m3/sek. seier vante fiskarar.  

No blir det da meldt om regnvêr heile neste veke, så da er det nok håp om at det skal bli såpass vassføring at laksen som står på vent i fjorden finn vegen oppover elva.  

 

Publisert: 4. juli 2026, 17:10