Ungdomslandslaget avslutta YWC-opphaldet i Berchtesgaden med individuell konkurranse – det vil seie så fort som mulig til toppen og så rett utfor og nedatt igjen. I dagens konkurranse var det 36 deltakarar i U20-klassen for herrer. Aron Rodal Haugen sikra seg beste plassering på ein 13.-plass, medan Isak Drøpping kom inn på 15.-plass eit lite minutt etter Aron. Målgangen skjedde på ca 1800 meter høgde, og dei er nok litt prega av høgdeopphaldet no, seier Halvor Drøpping som er med som leiar.

Aron Rodal Haugen kom på 13.-plass i dag – best av dei 4 frå Randoneelandslaget som deltok i dag. Foto Halvor Drøpping
No vender dei nasen heimover, og kjem nok til Trondheim via Københamn i løpet av kvelden. Da blir det rett på førebuingane til Youth World Cup i Sæterlia og Strengentraseen i komande veke. Med så gode resultat frå Berchtesgaden, så blir det spennande å sjå kva dei kjem til å prestere på heimebane. Første løpet er sprinten i alpinanlegget i Sæterlia på torsdag, så blir det vertikal og individuell på laurdag og søndag.

Isak Drøpping – 15.-plass i dagens løp. Iver Holen kom i dag på 23.-plass og Mads Gjethammer på ein 27.-plass. Foto Halvor Drøpping
Søndagens individuell skulle gå i Dalalia/Tydalsnebba på Kårvatn, men på grunn av vanskelege føreforhold er løpet flytta til Vang/Strengentraseen til sama område som laurdagens vertikal. Vi gler oss på fortsettinga!
Trollheimen fjellsportklubb er medlem i Todalen.no

